Plan- og byggesakskonferansen 2024

Nordhordland Digitalt og Nordhordland Næringslag inviterer til den årlege plan- og byggesakskonferansen i Nordhordland.
Publisert: 17.04.2024
Sist endra: 30.04.2024

Tid og stad for konferansen er: 15. mai klokka 9 - 15 i Region Nordhordland Helsehus i Knarvik, møterom Nordhordland i 6. etasje.

Dette arrangementet er ei unik moglegheit for lokale utbyggjarar og kommunale sakshandsamarar til å samlast for ein uformell prat og fagleg påfyll.

I år rettar konferansen fokus mot viktige og samfunnsaktuelle tema, som naturvern, klimaendringar og bustadmiljø.

Meld deg på og bli med på ein sosial og lærerik dag saman med gode kollegaer og samarbeidspartnarar!

Påmeldingsfrist er fredag 10. mai. 

Les meir om konferansen og sjå programmet (pdf).