HeimNyheiter1842 koronavaksinar er sette i Alver dei siste vekene

1842 koronavaksinar er sette i Alver dei siste vekene

Mannen som har full kontroll på mottak og utlevering av vaksinedosane i Alver er Simon Walther Grandahl.

– No er det totalt 1842 dosar som er sette i Alver av typen Comirnaty frå Pfizer og BioNTech, fortel Grandahl, tilsett i helse og omsorgssektoren i Alver.

Av desse har 1410 fått første dose, og 432 personar har fått begge dosane.

Helsepersonell

170 dosar er til no gitt til helsepersonell, noko som utgjer om lag 10 prosent av dosane i Alver.

Helsepersonell med viktige funksjonar som ikkje kan reduserast utan at det vil ha betydelege konsekvensar for liv og helse, og helsepersonell som det finst få av og som har spesialisert kompetanse har blitt prioritert.

Personell på legevakt, legekontor, koronasenteret og nokre administrativt helsepersonell har no fått første dose av koronavaksinen.

– Førre veke byrja vi og å vaksinere sjukepleiarar i sjukeheimar og heimetenester. Dette vil vi fortsetje med dei kommande vekene, for deretter å vaksinere anna helsepersonell, seier Grandahl.

Slik er prioriteringa

Sidan det ikkje er nok vaksine til alle med ein gong, har Folkehelseinstituttet laga retningslinjer for kven som skal vaksinerast først. Kommunane må følgje desse retningslinjene.

Bebuarar i sjukeheimar, eldre i omsorgsbustad med heildøgns tenester og heimebuande personar over 85 år som mottek heimetenester var først ut til å få koronavaksine i Alver. Deretter blei andre heimebuande frå 85 år og eldre inviterte til massevaksinasjon.

– Retningslinjene frå Folkehelseinstituttet finn du på nettsida vår og helsenorge.no. Der kan du finne ut kva prioriteringsgruppe du sjølv er i. Alle må vente på tur, og vil få beskjed når det er deira tur til å få vaksine. No er det aldersgruppa 80 til 84 år som har blitt vaksinerte i Nordhordlandshallen, og snart står dei mellom 75 og 79 år for tur, forklarer kommuneoverlege Terese Folgerø. 

Det er den kommunen du bur i som har ansvar for å tilby vaksinasjon. Det vil seie at Alver kommune tilbyr vaksine til dei som bur i Alver kommune, uavhengig av kor dei har fastlege.

– Viss du bur i Bergen men har fastlege i Alver, er det i Bergen kommune du skal vaksinerast, seier Folgerø.

Dose to

Bebuarar i sjukeheimar og eldre i omsorgsbustadar og med heildøgns tenester har fått både dose 1 og dose 2.

– Mange av dei heimebuande over 85 år som har heimesjukepleie og 40 helsepersonell som hadde høgast prioritet har og fått begge dosane, seier Grandahl.

Dei som har fått dose 1 vil og få innkalling til andre dose. Vidare plan for vaksineringa i Alver heng saman med tempoet på vaksineleveransane.

– Vi vil alltid få leveransar som sikrar at vi kan gi dose 2, forsikrar Folgerø.

Les meir om koronavaksineringa i Alver her.


Sist oppdatert: 17.02.2021
Publisert: 17.02.2021