HeimNyheiterAlver er klar for den siste aldersgruppa

Alver er klar for den siste aldersgruppa

Alver kommune er klar for den siste aldersgruppa, dei som er frå 25 til 39 år. Kommuneoverlegen ber alle som ønskjer vaksine om å registrere seg i helseboka.
Publisert: 02.07.2021
Sist endra: 02.07.2021

– Innbyggjarar i aldersgruppene 18-24 og 40­-44 har hatt eit par veker til å registrere seg og bestille time. Dette gjer at vi no kan opne opp for den siste aldersgruppa 25–39, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ho oppmodar alle om å registrere seg i helseboka så snart som mogleg, også dei som er i andre aldersgrupper og enno ikkje har gitt beskjed at dei ønskjer vaksine. Du treng ikkje vente på tekstmelding frå kommunen før du registrerer deg.

– Dei som registrerer seg får invitasjon til å bestille time på tekstmelding når det blir deira tur, forklarar kommuneoverlegen.

Treng du hjelp til registreringa finn du informasjon på nettsida til kommunen. Dei som ikkje har bankID kan få hjelp til å registrere seg av ein dei kjenner eller ringe koronasenteret på 56 37 59 00.