HeimNyheiterAlver følgjer dei nasjonale tiltaka

Alver følgjer dei nasjonale tiltaka

– Eg ønskjer å takke alle i Alver for den flotte jobben som vert gjort i samband med koronasituasjonen. Mange ofrar mykje for at vi som fellesskap skal bremse koronaviruset, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

I tida framover er det viktig at alle innbyggjarar fortset å vere nøye med handvask, held god avstand til andre og avgrensar talet på nærkontaktar.  

– Vi ser kor raskt spesielt det muterte viruset kan spreie seg. Å avgrense sosial kontakt er derfor noko vi oppmodar til, seier Sekkingstad.

Dei nye råda

Framleis er det slik at arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, bør utsettast eller avlysast.

– Det blir meir vår i lufta ute, og vi går varmare tider i møte. Møt personar utandørs i staden for inne og hugs å halde avstand. Ikkje ha fleire enn fem gjester heime, seier Sekkingstad.

Regjeringa rår og i frå unødvendige innanlandsreiser. Dette er spesielt viktig til og frå område med høgt smittepress.

Barnehagar og skular skal vere på gult nivå. I Alver vil Knarvik ungdomsskule vere på raudt nivå i ein kort periode etter at fire personar er bekrefta smitta av koronaviruset. Det vil bli tatt ei ny vurdering i starten av neste veke på om det er naudsynt å halde skulen på raudt nivå i fleire dagar.

– Vi følgjer nøye med på smittesituasjonen både i eigen kommune og kommunane rundt oss. Om situasjonen endrar seg, kan det blir aktuelt å innføre nye tiltak på kort varsel, seier Sekkingstad.

Råd om 17. mai kjem

17. mai-komiteane rundt om i Alver er i full sving med å planleggje Noreg sin nasjonaldag.

– Vi har oppmoda alle 17. mai-komitear om å tenkje kreativt og vurdere alternative måtar å markere dagen på. Det kjem nasjonale råd om 17. mai i slutten av månaden, fortel ordføraren.

I fjor laga regjeringa nasjonale rammar og retningslinjer for dagen. Fleire 17. mai-komitear i Alver inviterte til trygge, alternative arrangement innanfor desse rammene. Bilkortesje, natursti, digitale arrangement og ekstra pynting vart løysinga i fleire bygder.


Sist oppdatert: 15.04.2021
Publisert: 15.04.2021