Alver held fram med strenge koronatiltak
Regjeringa har justert dei regionale koronatiltaka. Frå måndag 15. februar skal innbyggjarane i Alver følgje tiltaka i kapittel 5D i den nasjonale Covid-19-forskrifta.
Tiltaka er i stor grad dei same som gjeld denne veka, men to ting blir lov i neste veke:
- Treningssenter kan halde ope for innbyggjarar i Alver
- Utandørs aktivitet for vaksne og organisert trening for toppidrettsutøvarar
Dei nye tiltaka gjeld i ei veke, til og med måndag 22. februar.
– Sjølv om smittesituasjonen i Alver er uforandra, blir vi påverka av og må forhalde oss til det som skjer i Bergen. Når Bergen justerer tiltaka sine, må vi justere tilsvarande, forklarar ordførar i Alver, Sara Hamre Sekkingstad.
Ho ber innbyggjarane om å hjelpe og støtte kvarandre.