HeimNyheiterAlver støttar tiltaka i Bergen

Alver støttar tiltaka i Bergen

Bergen kommune kom onsdag 11. august med nye lokale koronatiltak. Blant anna vert det krav om bruk av munnbind på kollektivtransport, og der det elles ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.

– Vi kan ikkje senke skuldrene no. Smitten aukar i regionen vår, og no er det viktig at vi alle er med på å avgrense koronasmitta. Hald avstand og avgrens talet på kor mange nærkontaktar du har, seier Oddekalv.

Førebels er det ikkje lokale tiltak i Alver, men ei anbefaling til innbyggjarane om å følgje tiltaka i Bergen.

– Vi er i tett dialog med Bergen og omegnskommunane. I morgon skal vi ha eit nytt møte i Alver der vi vil vurdere status og om det er behov for ytterlegare tiltak i Alver, seier Oddekalv.   


Sist oppdatert: 11.08.2021
Publisert: 11.08.2021