HeimNyheiterÅtte nye koronatilfelle i Alver

Åtte nye koronatilfelle i Alver

Dei fleste har kjent smitteveg og er knytt til pågåande utbrot i kommunen.
Publisert: 18.08.2021
Sist endra: 18.08.2021

Koronasenteret til Alver kommune har fått svar på fleire koronaprøvar. Sidan tysdag formiddag har åtte nye fått påvist koronavirus.

  • Sju av tilfella vart stadfesta tysdag 17. august.
  • Eitt nytt tilfelle vart stadfesta onsdag 18. august.
  • Sju av dei åtte tilfella har kjent smitteveg, og to av tilfella er knytt til eit pågåande utbrot i kommunen.
  • Koronasenteret jobbar med å kartlegge nærkontaktar til det siste av dei åtte tilfella, som førebels har ukjent smitteveg.

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.