Auka vakthald på Mongstad

Politiet ber dei som bur og jobbar i Mongstad-området om å leve som normalt, og melde ifrå om dei oppdagar noko mistenkeleg.
Publisert: 05.10.2022
Sist endra: 28.10.2022

Leiinga i kommunane Alver og Austrheim har hatt møte med politiet og forsvaret om situasjonen på Mongstad. 

Ingen truslar mot anlegget 

Meldinga til innbyggjarar som bur og arbeider i området er at livet kan halde fram som før. 

Det er den generelle sikkerheitssituasjonen i Noreg som gjer at forsvaret og politiet har fått i oppdrag å auke vakthaldet på land og sjø i området. 

Heimevernet og sjøforsvaret har fått begrensa politimynde og opptrer på vegner av politiet. 

Politiet vil også vere til stades på land og sjø i området.

Skal du fiske eller jakte? 

  • Skal du jakte på Litlåsfjellet, i Leirvåg eller andre område i nærleiken av bedriftene på Mongstad? 

  • Ta kontakt med leiar for jaktvaldet ditt eller lokalt politi på telefonnummer 56 35 56 70 (eller 02800). 

  • Skal du fiske i nærleiken av bedriftene på Mongstad? 

  • Gjer deg kjent med forbodssona som er markert i sjøkartet. 

Meld ifrå om mistenkeleg aktivitet 

Politiet oppmodar alle innbyggjarar som oppdagar mistenkeleg aktivitet på  Mongstad om å melde ifrå. 

Du kan anten ringe lokalt politi på 56 35 56 70 (eller 02800) eller ta direkte kontakt med vaktar frå heimevernet i området. 

Naudssituasjonar skal varslast som normalt til 112 (politiet), 113 (ambulanse) og 110 (brann).