HeimNyheiterAvduking av kunstverka TRIALOG og NY HORISONT

Avduking av kunstverka TRIALOG og NY HORISONT

Kunstnarane Anneli Belsvik Aras, Silje Bergsvik, og kunstnarduoen DE JENZ (Vibeke Jensen og Santiago De Waele) vann konkurransen til pilot om kunst i offentleg rom i Alver kommune.  Piloten er eit samarbeid mellom Alver kommune og Nordhordland kunstlag og er støtta av KORO og Kulturtanken.

NY HORISONT 

NY HORISONT inviterer innbyggjarane i Alver til å sjå horisonten på nytt på bakgrunn av historisk endring. Kunstverket engasjerer grunnmuren til ein forlaten bustad som vart brukt som skatte- og arbeidskontor og bibliotek før huset vart rive.  

Frå innsida av ruinen peikar eit tovegs periskop mot Nordhordlandsbrua, sombind øykommunen saman med fastlandet. Frå utsida av ruinen er utsikta snudd: Samtida sine globale kriser erstattar det tidlegare draget mot byen med eit nytt fokus på lokalt potensiale og forankring. Ein stålkonstruksjon gjenskapar den beskyttande funksjonen til det tidlegare taket, skjermar periskopet og tilskodarane og skapar ramma for ein ny møtestad. 

Kunstnarduoen DE JENZ (Vibeke Jensen og Santiago De Waele) har invitert med lokalbefolkninga i produksjonen av kunstverket. Elevar ved Knarvik vidaregåande skule, Meland ungdomsskule, Nordhordland brann og redning, Nordhordland kunstlag og driftsavdelinga i kommunen har bidrege i prosessen. 

Montering av NY HORISONT med elevar frå Knarvik vidaregåande skule.  

TRIALOG 

TRIALOG av Anneli Belsvik Aras og Silje Bergsvik dannar eit møtepunkt og vert ein skulptur ein kan snakke om, rundt og i. TRIALOG kan vere utgangpunkt for ein samtale, men òg ein skulptur som tilskodaren kan interagere med og bruke. Skulpturen vert ein naturleg plass å møtast som fremmar moglegheita for ein dialog. 

Skulpturen er ein geometrisk konstruksjon bygd av trekantar i stål. Trekantane vert aktive formar som skapar spenning, men som også er stabile og samlande her kan ein møtast frå alle kantar. 

Anneli Belsvik Aras og Silje Bergsvik er begge kunsthandverkarar med base i Bergen. 


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 16.02.2022