HeimNyheiterBer innbyggjarane om hjelp til å bremse smitta

Ber innbyggjarane om hjelp til å bremse smitta

Råd frå Alver kommune: Alle over 12 år bør bruke munnbind – og dei som bur ilag med ein som har fått påvist koronavirus bør halde seg mest mogleg heime.
Publisert: 10.11.2021
Sist endra: 11.11.2021

Dei siste vekene har stadig fleire fått påvist koronavirus i kommunen. Sidan 1. november har om lag 60 personar testa positivt.

No ber kommuneoverlegen innbyggjarane om hjelp til å snu den negative utviklinga.

– Viruset smittar lett. Har ein i familien fått koronavirus, er det stor sannsynlegheit for at fleire i familien blir smitta. Difor oppmodar vi alle i familiar der det er påvist koronavirus om å halde seg mest mogleg heime og teste seg ved luftvegssymptom, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

– Følg råda

Ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad, forstår at innbyggjarane er leie og ønskjer seg ein koronafri kvardag.

– Diverre er det slik at pandemien ikkje er over, og utviklinga i kommunen vår no gjer at vi går ut med desse råda for å bremse smitta, seier Sekkingstad.

Førebels er dette råd – ikkje påbod, men ordførar oppmodar innbyggjarane om å følgje råda til kommuneoverlegen. Ho ber også innbyggjarane i kommunen om å følgje med og halde seg oppdatert.

Viktig å teste seg

Å halde seg heime når ein er sjuk og vaksinere seg mot korona er framleis dei viktigaste tiltaka for å hindre spreiinga av viruset. I tillegg er det viktig at dei som mistenker at dei kan vere smitta, tar ein hurtigtest.

– Nasjonale helsestyresmakter mistenker at berre halvparten av dei som burde ha testa seg, faktisk gjer det. Vi veit ikkje om dette stemmer i Alver, men oppmodar alle om å teste seg – sjølv ved lette symptom. Hugs at også vanlege forkjølelsessymptom kan vere teikn på koronavirus, seier kommuneoverlegen.

Dette er råda til Alver kommune

Råda gjeld frå 10. november - og inntil vidare.

  • Råd om munnbind:
    • Alle over 12 år bør bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand innandørs i offentlege rom, til dømes på offentleg transport (inkludert taxi), på butikkar og kjøpesenter.
  • Råd til alle som bur ilag med ein som har fått påvist koronavirus:
    • Alle i husstanden bør redusere talet på nærkontaktar og halde seg mest mogleg heime til smittesituasjonen heime er over.
    • Alle i husstanden bør teste seg ved minste mistanke om koronavirus.

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet sine råd til deg som er husstandsmedlem eller tilsvarande nær