Bli med på Nynorskdagane

23. september brakar det laus med Nynorskdagane i Alver - ei feiring av nynorsken i 10 dagar til endes.
Publisert: 08.09.2022
Sist endra: 08.09.2022

Ivar Aasen sette seg midt på 1800-talet føre å etablera eit norsk språk som kunne erstatta det danske skriftspråket.

I tida 1842–1846 reiste han rundt i landet og samla innopplysningar om talemålet i Noreg. Det var eit viktig poeng for Aasen at det nye skriftmålet skulle byggja på dei norske dialektane. Aasen besøkte mellom anna Litlebergen på språkvandringa si.

Rikt og variert program

I Alver kommune, som i heile Nordhordland, er dialekten noko som folk er stolte over. Mange strilar har gjort striledialekten kjend langt utover grensene for Strilelandet, som til dømes Ivar Medaas, Claus Sellevoll, Aslaug Låstad Lygre og Preben Hodneland.

Nynorskdagane i Alver skal feira det nynorske skriftspråket og dialekten, med bokbad, stadnamnvandring, familiedag, pubkveldar og konsertar.

Ver med på feiringa, du òg!

Trykk her for å sjå programmet

 

Bandet Foreningen for By og Bygd sine kjerneverdiar er nynorsk, det  skeive, country og amerikana. Dei spelar eigne og omsette låtar og  synest teksten er halve poenget. Dei fleste songane er litt triste, men ikkje  verre enn at vi alle har vore der. Bandet opnar Nynorskdagane 2022. I tillegg til konsert vert det open pub.