HeimNyheiterBli med på aksjonen Sykle til jobben!

Bli med på aksjonen Sykle til jobben!

Tysdag 19. april startar årets Sykle til jobben-aksjon. All aktivitet tel, om det er sykling, dans eller ein tur på fjellet.
Publisert: 12.04.2022
Sist endra: 13.04.2022

Sykle til jobben er ein aktivitetskampanje for alle. Det er gratis å delta og du kan registrere all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida. 

Du kan sykle, gå, springe, symje eller ta deg ein dans! Alle som registrerer aktiviteten sin i perioden 19. april til 17. juni er med i trekninga om fine premiar. 

Meld deg på her.

Trykk her for å sjå programmet for Alver.

Startskotet går tysdag 19. april med mellom anna gratis sykkelservice på BUA Frekhaug. 

Sykle til jobben-aksjonen