HeimNyheiterBlir du med på årets største nasjonale ryddedugnad?

Blir du med på årets største nasjonale ryddedugnad?

For femte året på rad inviterer Hold Norge Rent til ei heil veke med frivillig opprydding. Kvar dag i løpet av veka oppfordrast alle til rydding langs elver, innsjøar og strender, på holmar og øyer og under vann. Målet er å engasjera flest mogleg til å bli med ut å rydde boss. 

- Det er diverre mykje boss å finne langs norske strender og i naturen generelt, og forsøpling er eit stort problem. Difor oppmodar vi alle til å delta i denne store ryddedugnaden, seier kommunikasjonsrådgjevar i NGIR, Irene Bratteng Fossheim. 

Ho oppmodar innbyggjarar i heile regionen til å kombinere tid i naturen samstundes som å gjere noko meiningsfullt for naturen i lokalmiljøet. 

- Ein kan til dømes rydde langs elvar, innsjøar, strender, holmar eller andre stader med eigarlaust avfall.  

Kassar med ryddeutstyr plassert rundt i regionen 

No er det endå lettare enn tidlegare å rydde naturen i ditt nærområde. Du treng berre hanskar, sekk/pose og ein plan for avfallshandteringa før ein går ut og plukkar boss. 

- Mange har kontakta oss og spurd om ryddeutstyr kan verte plassert meir tilgjengeleg, og det har vi no gjort. Nytt av året er nemleg at NGIR har sett ut strandryddekassar fleire stadar i heile distriktet, seier Fossheim. 

- Frå desse kassane kan dei som ønskjer å rydde forsyne seg - ein treng ikkje registrere dette, eller gje beskjed til NGIR. Men er dei tomme, eller det manglar utstyr, gje oss beskjed på strandrydding@ngir.no, seier Fossheim. 

Ho håpar mange vil vere med å bidra i dugnaden.

- Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Strandryddeveka er for alle, både store og små aksjonar teller. Mange vert overraska over kor mykje søppel som finns i naturen, seier kommunikasjonsrådgjevaren.

Her er ei oppskrift på korleis du går fram

  • Vel kor og når du skal rydde 
  • Registrer gjerne ryddeaksjonen din på: www.ryddenorge.no eller i Rydde-appen  
  • Hent hanskar og strandryddesekker i ein av kassane vi har plassert rundt i distriktet (oversikt i faktaboks) 
  • Rydd valfri elv, innsjø, strand, holme, øy eller sti. 
  • Ta kontakt med NGIR på strandrydding@ngir.no for å avtale henting av avfallet du finn. 
  • Du er ferdig, og kan ha god samvit!  
     

Her er ei oversikt over kassar med strandryddeutstyr 

  • Joker Byrknes 
  • Vidsyn Sløvåg 
  • Joker Brekke 
  • Spar Hosteland 
  • Matkroken Fedje 
  • Joker Austrheim 
  • CoopMarked Modalen 
  • Bunnpris Bøvågen 
  • Nærbutikken Feste 
  • Rema1000 Ostereidet 
  • Rema1000 Frekhaug 
  • Mjåtveit Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet) 
  • Manger Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet) 
  • Kjevikdalen Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet) 
  • Litlås gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet) 

Nokre av kassane er allereie plasserte ut, resten vil vere på plass innan 10. september. 


Sist oppdatert: 08.09.2021
Publisert: 08.09.2021