HeimNyheiterBrannvernutstilling på biblioteket

Brannvernutstilling på biblioteket

Velkommen til brannvernutstilling på Strilabiblioteket i Knarvik!
Publisert: 12.07.2022
Sist endra: 12.07.2022

Tidleg i vår var brannførebyggjande avdeling i Nordhordland og Gulen rundt på skulane i samarbeidskommunane og hadde brannundervisning for elevar i 6. og 7. klasse.

Avdelinga har sidan 2000 besøkt 6. klasse i alle kommunane, og i år fekk rundt 1100 elevar besøk!

Elevane fekk undervisning i brannteori, samt ei praktisk slokkeøving. I etterkant av undervisninga kunne elevane delta i ein konkurranse, der dei skulle lage noko kreativt som handla om det dei hadde lært.

Premien var ein «draumedag» på brannstasjonen på Ikenberget utanfor Knarvik og besøk på VilVite-senteret i Bergen.

Før påske kom det inn 24 flotte og kreative bidrag. Av desse var det ca 100 elevar, frå åtte ulike klassar, som fekk kome på brannstasjonen. Her fekk elevane prøve brannslange, varmesøkjande kamera i røykfylt rom, dei fekk og møte politiet og ambulansen hadde kurs i Hjarte- og lungeredning (HLR).

Politiets hundeteneste og kriminalomsorga demonstrerte korleis hundar kan hjelpe dei i arbeidet sitt.

Dei kreative bidraga er no stilt ut på Strilabiblioteket i Knarvik og kan sjåast frå og med måndag 11.07, og fram til 4. september.

De kan og sjå bilete av alle bidraga på Brannvernet.no/konkurranse.

av 6. klasse frå Fedje, Sagstad, Matre og Solund på besøk ved Knarvik Stasjon