HeimNyheiterDagsturhyttene er komne opp

Dagsturhyttene er komne opp

Det var eit spektakulært skue då dei tre dagsturhyttene vart flogne på plass med helikopter denne veka.

Nærmar seg opning

Stadt kystbygg vil dei næraste dagane ferdigstille hyttene, og kommunen og frivillige vil deretter gjere klart området utanfor hyttene. 

– Vi har ikkje bestemt når hyttene vert opna, men vi håpar det vil skje i løpet av våren, seier kultursjef Eirik B. Utne. 

Litt arbeid står att

Vi skal byggje ny parkeringsplass for turgåarar til Eldsfjellet, ved motorcrossbana på Rossland. Hytta på Eldsfjellet vert ikkje opna før parkeringsplassen er klar. 

Også på Kolås skal det bli betre parkeringsforhold, der den eksisterande parkeringsplassen skal bli utvida. 

I Byngja står toalettet på mellombels plassering, men vil verte flytta til ny plassering ved eit seinare høve.

– Vi gler oss til å kunne ønskje store og små velkomne i dei fine dagsturhyttene, seier Utne. 


Sist oppdatert: 19.03.2021
Publisert: 19.03.2021