Desse fekk kultur- og idrettsstipend
Dei som fekk stipend representerer ulike sjanger og driv med ulike, spanande prosjekt kvar for seg.
Mottakarar av kulturstipend
Linda Røyseth Sandhåland – prosjekt «Lokal folkesong i skulen» samt heimeside www.strilakultur.no
Tormod Haugland – forfattar, som skriv med Radøy som bakteppe
Christer Steffensen - filmregissør, fotograf og manusforfattar. Jobbar med spelefilm i Alver.
Mottakarar av idrettsstipend
Anders Vik - FIL-AKS 77, diskos som hovudutøving
Tommy Urhaug - treningsplan fram mot Paralympics i Tokyo
Utdeling i kommunestyret
Linda Røyseth Sandhåland takka for stipendet med ei framføring av vakker folketone frå Meland.
Innan idrett er Tommy Urhaug ein ruvande skikkelse med fleire VM-, NM- og OL-titlar.Det er ekstra stas at Urhaug mottok prisen samstundes som Anders Vik mottar idrettsstipend. Vik er ein 17 år gammal utøvar som er i startgropa på sin idrettskarriere.
Dessverre førte sjukdom til at fleire ikkje kunne møte sjølv for å ta i mot prisen.
Vi gratulerer og gler oss til å følgje dei flotte representantane for kultur og idrett vidare!