HeimNyheiterEi avdeling stengt til og med måndag 3. mai

Ei avdeling stengt til og med måndag 3. mai

Juvikstølen barnehage opnar ei av dei to stengte avdelingane onsdag 28. april. Den andre blir stengt til og med måndag.
Publisert: 27.04.2021
Sist endra: 27.04.2021

Barn og tilsette på to avdelingar i Juvikstølen barnehage var i ventekarantene måndag og tysdag denne veka, medan kommunen venta på pøvesvar for to som var nærkontaktar til ein med påvist koronavirus.

Den eine prøven visar seg no å vere positiv. Ein avdeling blir difor stengt til og med måndag 3. mai. Den andre avdelinga opnar att onsdag 28. april.

– Barn og tilsette på avdelinga Filosofen er no nærkontaktar til ein som har fått påvist smitte, og må halde seg heime og vere i karantene til og med måndag i neste veke, fortel styrar på Juvikstølen barnehage, Christine Teigland.

Foreldre og tilsette har fått oppdatert informasjon om situasjonen.

To positive prøvar måndag

Kommunen fekk til saman to positive prøvesvar måndag 26. april. Begge er nærkontaktar til andre med påvist smitte, og var i karantene på testtidspunktet.

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.