HeimNyheiterEigedomsskatt i Alver for 2022

Eigedomsskatt i Alver for 2022

Eigedomsskattelistene for 2022 er lagt ut til offentleg ettersyn her, på innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Frekhaug og Manger.
Publisert: 28.02.2022
Sist endra: 28.02.2022

Kommunestyret har i budsjettvedtak for 2022 vedtatt å skrive ut eigedomsskatt «på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglanefor petroleum» etter eigedomsskattelova § 3 c). Samstundes er det vedtatt å skrive ut eigedomsskatt etter overgangsreglane til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 først og andre ledd.

På bakgrunn av kommunestyre sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2022, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå måndag 28. februar. Lista viser dei skattepliktige eigedommane med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen, og utrekna eigedomsskattebeløp.

Trykk her for å sjå skattelista

Skattelista er i tillegg lagt ut på innbyggjarservice i Knarvik senter (2. høgda i promenaden) og på kommunehusa på Frekhaug og Manger. 

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år.

Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Send klaga på e-post til post@alver.kommune.no og merk den med "eigedomsskattekontoret".