Endring på kommunale avgifter
I slutten av februar kjem den første rekninga med kommunale avgifter frå Alver kommune.
Publisert:
09.06.2020
Sist endra:
09.06.2020
Kva er nytt?
- Dei kommunale avgiftene blir delt på tre terminar. Det betyr at du får tre rekningar frå kommunen i året. Rekningane kjem i februar, juni og oktober.
- Alle bueiningar som er tilknytta offentleg vatn og avløp (hus, leilegheiter og hytter) i kommunen må betale, uansett storleik og bruk. Definisjonen på ei bueining er: Minst eitt rom, eigen wc og separat inngang - anten direkte eller via inngang/korridor.
- Alle som er tilknytta offentleg vatn og/eller avløp får eit abonnementsgebyr. Dette er inkludert i prisane under.
- Alver kommune har ingen eigedomsskatt på private eigedomar.
Kva kostar det?
- Offentleg vatn:
- Bustad under 90 kvadratmeter: 2.493 kroner i året
- Bustad over 90 kvadratmeter: 4.283 kroner i året
- Offentleg avløp:
- Bustad under 90 kvadratmeter: 2.274 kroner i året
- Bustad over 90 kvadratmeter: 3.961 kroner i året
- Feiing og tilsyn:
- 581,25 kroner i året
- Ekstra pipe: 187,50 kroner i året
- Slamtømming:
- Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap (NGIR) har overtatt ansvaret for slamtømming. Rekninga for slamtømming kjem ilag med renovasjonsavgifta, og blir delt på to fakturaer i året - ein med betalingsfrist i april og ein i oktober.
Trykk her for å lese meir om vatn og avløp.
Trykk her for å lese meir om feiing og tilsyn.
Trykk her for å gå til NGIR sine nettsider.
Har du spørsmål?
- Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.
- Send e-post til post@alver.kommune.no.
Når du tar kontakt med oss, vis til gards- og bruksnummeret på eigedomen din. Nummeret står på fakturaen.