HeimNyheiterEr du glad i aktivitet og trening? Eller treng du litt ekstra motivasjon til å finne fram sykkelen frå garasjen?

Er du glad i aktivitet og trening? Eller treng du litt ekstra motivasjon til å finne fram sykkelen frå garasjen?

– Alver er med i Miljøløftet og derfor er det gratis å delta for alle innbyggjarar i kommunen. All aktivitet kan registrerast; gåturar, badminton, lek med fotballen i hagen eller ein sykkeltur. Her er det berre å komme seg ut og i aktivitet, oppfordrar Sekkingstad.

For mange har reisevegen til jobben blitt erstatta av heimekontor. Den årlege Sykle til jobben-aksjonen har tradisjonelt retta seg mot reisevegen til og frå jobb. I år ligg fokuset på kvardagsaktivitet. Om ein har heimekontor eller ikkje har moglegheit til aktiv reiseveg til jobb kan ein likevel delta. All aktivitet tel i Sykle til jobben-aksjonen.

– Vi ønskjer å motivere folk til å vere meir aktive i kvardagen, seier Sekkingstad.

Klikk her for å melde deg på!

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad med badminton-sett. (Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune)

Tar du utfordringa frå ordførar Sara Hamre Sekkingstad? (Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune)

Deler ut fine premiar

– Mange opplever gjerne at dei er mindre aktive enn før, med heimekontor og  aktivitetstilbod som er sette på pause som følgje av koronapandemien. fortel planleggjar i Alver kommune, Kaia Marie Amland, som er ansvarleg for Sykle til jobben aksjonen i Alver.

For å skape ein ekstra motivasjon for å bli med på kampanjen i år er det mogleg å vinne ei rekkje flotte premiar kvar veke. Klikk her for å sjå kva premiar Bedriftsidretten trekker blant dei påmelde.

– Aksjonen er i tråd med sykkelstrategien for Alver, som er under arbeid. Den har som mål at fleire skal sykle meir i kommunen. Finn gjerne fram sykkelen frå garasjen. Vi skal snart ha gratis sykkelservice rundt om i Alver igjen, tipsar Amland.

Gratis sykkelservice!

Første veka i kampanjeperioden arrangerer Miljøløftet og Alver kommune gratis sykkelservice. Hugs å ta med deg eigen sykkelhjelm, så kan du og få teste el-sykkel på standen.

Knarvik: 19.april kl. 14.30 - 17.00 - Knarvik senter

Manger: 20. april kl. 16.00 - 18.00 - BUA

Frekhaug: 22. april kl. 17.00 - 19.00 - BUA

Vi utfører ein enkel service, ikkje reparasjonar.

BUA stiller med sykkelreparatørar på Manger og Frekhaug. Her blir det også høve til å sjekke ut mykje spennande vår- og sommarutstyr på BUA. Det er gratis å låne utstyr frå BUA.

Registrer deg no

Påmeldinga til Sykle til jobben-kampanjen er allereie opna på Sykle til jobben aksjonen si nettside. Kampanjeleiar i Bedriftsidretten Emil Hjemli Borgersen fortel at det ikkje er for seint å registrere seg som deltakar.

– Du kan enten melde deg på som deltakar på eit lag med maks fem deltakarar saman med venane eller kollegane dine. Eller så kan du registrere deg som individuell deltakar, opplyser kampanjeleiaren. 

I 2020 deltok over 33.000 nordmenn på Sykle til jobben-aksjonen. Vi håpar at endå fleire blir med på kampanjen i år, som går av stabelen mellom 20. april til 18. Juni.

 

BAKGRUNN

Sykle til jobben har halde på sidan 1973 og har etter kvart blitt mykje meir enn berre sykkel! Hovudmåla er å stimulere til auka kvardagsaktivitet i tillegg til å ha fokus på ein aktiv reiseveg til og frå jobb. Meir informasjon finn du på sykletiljobben.no

Det er Norges Bedriftsidrettsforbund som arrangerer Sykle til jobben-aksjonen. Dei tilbyr meir enn 50 ulike aktivitetar og er det 3. største særforbundet i Noreg med omlag 200 000 medlem.


Sist oppdatert: 14.04.2021
Publisert: 13.04.2021