HjemNyheiterEr du godt førebudd om noko uventa skulle skje?

Er du godt førebudd om noko uventa skulle skje?

Eigenberedskapsveka er i gang – sjå kva du bør ha i hus for å klare deg sjølv heime i minst tre døgn.
Publisert: 31.10.2022
Sist endra: 31.10.2022

31. oktober til 6. november er det eigenberedskapsveke over heile landet.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap oppfordrar alle til å ta nokre enkle grep heime, slik at vi kan ta vare på oss sjølv og dei rundt oss om det skulle oppstå ei krise. På den måten er vi ein del av beredskapen i Noreg.

Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.

Trykk her for å sjå kva du bør ha heime i ditt beredskapslager.

Example household emergency survival kit

Du kan også få ein brosjyre med oversikt over kva du bør ha i hus. Den kan du få på innbyggjarsevice i Knarvik, på Manger og Frekhaug, og på biblioteket i Knarvik.  

Dette gjer kommunen

Kvar eining i Alver kommune har rutinar og planar som gjer dei i stand til å handtere uønska hendingar. Ved større hendingar skal kommunen sørge for at dei framleis leverer tenester til innbyggjarane i samarbeid med andre aktørar i regionen. Kommunen har rutinar og system for varsling, og varslar mellom anna direkte til dei det gjeld på SMS og informerer på nettsida til kommunen.