HeimNyheiterFem har fått påvist koronavirus

Fem har fått påvist koronavirus

Fire av dei er nærkontaktar til tidlegare kjente tilfelle i Alver og andre kommunar.
Publisert: 28.04.2021
Sist endra: 28.04.2021

Tysdag kveld 27. april fekk Alver kommune melding om fem positive prøvesvar.

Fire av personane har kjent smitteveg. Dei er nærkontaktar til tidlegare kjente tilfelle, og var i karantene på testtidspunktet.

– Påvisning av koronavirus hos desse er eit resultat av smittesporinga. Når innbyggjarane er flinke til å teste seg raskt ved symptom, og dei oppgir nærkontaktar til smittsporarane våre, klarar vi saman å stoppe vidare smittspreing, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Koronasenteret jobbar med smittesporing knytt til den siste av dei fem.

Kommuneoverlegen oppmodar alle om å begrense sosial kontakt, følgje smittevernreglane og på den måten bidra til å redusere smitten.

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.