HeimNyheiterFem nye koronatilfelle i Alver

Fem nye koronatilfelle i Alver

– Vi følgjer nøye med på smittesituasjonen i Alver og kommunane rundt oss, og vurderer om det behov for eigne tiltak. Dette seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.
Publisert: 05.08.2021
Sist endra: 05.08.2021

Onsdag 4. august fekk Alver kommune melding om at fem nye har testa positivt for koronavirus. Tre av desse var ikkje i karantene på testtidspunktet. Ein person var i karantene og er nærkontakt til ein person med påvist smitte. Den siste av dei fem var i innreisekarantene.

Alver kommune har hatt fleire smittetilfelle den siste tida. Smitten er størst i aldersgruppa 20 - 40 år. Nokre av dei som har fått påvist smitte er delvaksinerte. Fleire av tilfella heng saman.

– Slik situasjonen er no, har vi ikkje behov for å innføre tiltak utover dei nasjonale smittevernreglane, seier rådmannen.

Han oppmodar innbyggjarar om å begrense talet på nærkontaktar og elles vere nøye med å halde seg heime og be om test for dei som får symptom.

Innbyggjarane i Alver har vore flinke til å teste seg. Sist veke var 275 personar på koronasenteret for å teste seg for koronavirus.