HeimNyheiterFerdig med vaksinedose 1 til kritisk helsepersonell

Ferdig med vaksinedose 1 til kritisk helsepersonell

Mange har og fått dose 2. Vi vil dermed setje strek for vidare vaksinering av helsepersonell etter kommande veke.

Vaksinering av kritisk helsepersonell

Sentrale helsestyresmakter har nyleg understreka at det berre er kritisk helsepersonell og helsepersonell som er særleg utsett for smitte i yrkesutøvinga si som skal prioriterast for vaksinering. Anna helsepersonell skal ikkje vaksinerast framfor personar i risikogruppene.

Dei som ikkje blir vaksinerte som «kritisk helsepersonell» vil få tilbod om vaksine som innbyggjar i den rekkefølgja Folkehelseinstituttet har sett opp. Dette gjeld og helsepersonell som sjølv har auka risiko for alvorleg forløp av covid-19.


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 12.03.2021