HeimNyheiterFleirbrukshallen i Alversund har fått namn

Fleirbrukshallen i Alversund har fått namn

Vi inviterte til namnekonkurranse om den nye fleirbrukshallen i Alversund, og fekk inn heile 137 forslag! Juryen har no landa på namnet Alverhallen.
Blant alle forslaga trekte vi ein tilfeldig vinnar: Andrea Thorsheim, 20 år frå Hjelmås. Ho kom med tre forslag, og eit av dei var Alverhallen. På biletet under får ho overrekt blomar og gåvekort på Knarvik senter av ordførar og juryleiar Sara Hamre Sekkingstad.
Andrea Thorsheim får overrekt blomar av ordføraren i Alver kommune.
Juryen bestod av ordførar, representantar frå ungdomsrådet, kulturrådet, idrettsrådet, idrettslaget Alvidra og idrettsavdelinga i kommunen.
Alverhallen var det mest føreslåtte namnet (37 forslagsstillarar føreslo dette). Namnet har lokal tilhørigheit sidan det ligg på Alver. Alverhallen kling godt og er lettare å seie enn Alversundhallen. Namnet heng og naturleg saman med Alversund skule.

Sara Hamre Sekkingstad og Andrea Thorsheim viser fram det nye namnet, Alverhallen.


Sist oppdatert: 24.03.2021
Publisert: 24.03.2021