HeimNyheiterFleire nye smittetilfelle i Alver

Fleire nye smittetilfelle i Alver

Smittesituasjonen i Alver no gjer at kommunen ønskjer å kome raskt i gang med vaksinering av 12-15-åringane.
Publisert: 03.09.2021
Sist endra: 03.09.2021

7 nye personar har fått påvist koronavirus i Alver sidan torsdag formiddag. Nokre at tilfella får konsekvensar for ein ny skule og ein barnehage i kommunen.

  • Lykkeliten, som er ein liten barnehage med berre ei avdeling, har sendt barna heim og må halde stengt til og med 10. september. 15 personar er sett i karantene.
  • På Eikanger skule må elevane i 3. og 4. trinn i karantene. Her er 24 personar sett i karantene.

– Vi har hatt mange smittetilfelle i kommunen etter starten på det nye barnehage- og skuleåret, og ser at fleire av dei rammar skulane våre. Vi har difor sett fart på den nye oppgåva vi fekk frå regjeringa i går – å vaksinere 12-15-åringane i kommunen, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Vaksine til 12-15-åringane i veke 37

– Smittesituasjonen vi har i Alver no, gjer at vi ønskjer å kome raskt i gang med vaksinering av denne gruppa. Første dato for vaksinering av 12-15-åringane blir onsdag 15. september, fortel kommuneoverlegen.

Du må ha fylt 12 år for å kunne få vaksinen, og alle under 16 år må ha skriftleg samtykke frå begge føresette.

– Vi jobbar med detaljane og kjem tilbake med meir informasjon tidleg i neste veke. Vi håpar så mange som mogleg møter til vaksinering allereie 15. september, seier Folgerø.

Her kan du lese meir på Folkehelseinstituttet sine sider om vaksinering av 12-15-åringar.

Framleis ventetid på testing

Koronasenteret til kommunen har travle dagar med stort trykk på testing og smittesporing. Det er framleis ein del ventetid på telefon og svartid på det digitale skjemaet for å be om koronatest.

Kommuneoverlegen i Alver seier at det er tre ting innbyggjarane i Alver kan gjere for å støtte koronasenteret og bidra til å bremse utviklinga i kommunen:

  1. Ta vaksinen – og hugs også andre dose
  2. Følg smittevernreglane og hald deg heime når du er sjuk
  3. Last ned og bruk smittestoppappen