HeimNyheiterFleire tusen innspel frå folk i Alver

Fleire tusen innspel frå folk i Alver

Hundrevis av innbyggjarar og tilsette har gitt fleire tusen innspel til framtida til Alver kommune.
Publisert: 11.03.2021
Sist endra: 11.03.2021
  • Kven er vi?
  • Kor skal vi?
  • Korleis kjem vi oss dit?

Spørsmåla har gått som ein raud tråd gjennom innspelsrunden til Alver kommune sin første samfunnsdel. Mange hundre innbyggjarar og tilsette har bidratt med svar.

– Vi inviterte innbyggjarane til ein tre månader lang samtale i haust. Responsen har vore overveldande – og visar at innbyggjarar i heile kommunen er opptatt av og ønskjer å påverke framtida til kommunen sin. Vi har også fått mange gode innspel frå tilsette i kommunen, fortel prosjektleiar for samfunnsdelen, Line Thuen Waage.

Seks rapportar med innspel

I dag, torsdag 11. mars, får politikarane i formannskapet overlevert alle innspela, som er samla i seks rapportar.

I bunken med rapportar er oppsummering av ei spørjeundersøking, som 640 innbyggjarar svarte på. Det er også rapportar med innspel frå barn og unge og referat frå samtale med ulike råd og utval og leiarar og tilsette i kommunen.

Prosjektgruppa har i tillegg vore på turne og henta innspel frå engasjerte innbyggjarar i nærsentera Vikebø, Bøvågen, Ostereidet, Lindås, Manger, Frekhaug og kommune- og regionsenteret Knarvik.

Politisk prosess i vår

– Vi gler oss til å dykke ned i alle innspela og lage ei grundig analyse av korleis det står til med Alver – ilag med politikarane, seier Thuen Waage.

Dei neste spørsmåla, som politikarane skal jobbe med, er:

  • Korleis står det til med Alver?
  • Kva mål skal vi ha for framtida?
  • Kva vegval må vi ta for å komme dit?

– Vi skal ha fleire verkstadar med politikarane i både formannskapet og andre råd og utval, for å finne svar på desse spørsmåla, fortel prosjektleiaren.

Alle sin plan

Målet er at planen for framtida til Alver skal vere klar og bli lagt ut på høyring til sommaren. Då kan innbyggjarar og aktørar i Alver-samfunnet på ny seie kva dei meiner, før politikarane til slutt vedtar den endelege planen tidleg på hausten 2021.

– Vi ønskjer at dette skal vere ein plan for alle, både politikarar, tilsette og innbyggjarar i kommunen – at han skal gi ei tydeleg retning for framtida, seier prosjektleiar Thuen Waage.