HeimNyheiterFlyttar utdelinga av hurtigtestar til innbyggjarservice

Flyttar utdelinga av hurtigtestar til innbyggjarservice

Frå måndag 31. januar kan du hente hurtigtestar på innbyggjarservice i Knarvik senter og på kommunehusa på Frekhaug og Manger.
Publisert: 28.01.2022
Sist endra: 28.01.2022

Hittil har kommunen delt ut hurtigtestar frå koronasenteret sine lokale i Knarvik. Når koronasenteret flyttar til Alversund gamle skule, flyttar også kommunen utdelinga av hurtigtestar til tre nye plassar i kommunen:

  • Innbyggjarservice i Knarvik Senter
  • Innbyggjarservice på kommunehuset på Frekhaug
  • Innbyggjarservice på kommunehuset på Manger

– I tillegg til å dele ut frå koronasenteret har skular og barnehagar delt ut hurtigtestar til elevar og tilsette når det har vore behov for det. Dette held vi fram med. Vi får med andre ord ei god spreiing av testane i Alver, fortel ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Fleire stasjonar = mindre reising

Ordføraren er glad for at det nye tilbodet betyr mindre reising for fleire av innbyggjarane i kommunen.

– Vi ønskjer at folk skal teste seg når dei har symptom. Det er også viktig at dei som er nærkontaktar og kan teste seg i staden for å vere i  karantene, gjer det – slik at flest mogleg kan vere i arbeid og bidra til å halde samfunnet i gang, seier ordføraren.

For tida delar kommunen ut gratis hurtigtestar til dei med symptom og dei som er nærkontaktar og kan teste seg ut av karantene, men reglane kan endre seg – så ordføraren oppmodar alle om å følgje med og halde sege oppdatert på siste nytt.

Trykk her for å lese meir om testing på nettsida vår.

Ny levering denne veka

Behovet for hurtigtestar har gått bratt oppover den siste tida. I periodar har koronasenteret delt ut over 2000 testar kvar dag.

– Vi fekk 30.000 nye hurtigtestar torsdag denne veka, og reknar med at vi får jamleg påfyll framover, fortel ordføraren.

Samtidig vil behovet for testar auke fordi omikronvarianten spreier seg fort.

Sjølv om kommunen no har fått  ny forsyning  av testar, er det viktig at dei som kjem fyller kriteria for å få gratis hurtigtestar.

– Folk som skal teste seg før reise, fordi arbeidsgjevar har bedt om det eller av andre grunnar enn det at dei har symptom eller er nærkontakt, må kjøpe testar på butikken eller apoteket. Har du symptom, må du så langt det er råd få andre til å hente for deg, seier ordføraren.