HeimNyheiterForbod mot bading og fisking i Hallandsvatnet

Forbod mot bading og fisking i Hallandsvatnet

Det er påvist blågrønalgar i Hallandsvatnet på Radøy. Vatnet blir inntil vidare stengt for bading og fisking ut sommaren.
Publisert: 08.07.2021
Sist endra: 08.07.2021

Prøvane som Alver kommune har tatt av Hallandsvatnet visar at vatnet inneheld store mengder blågrønalgar.

Kommunen set opp skilt på den mest brukte badeplassen.

Nye prøvar til hausten

Hallandsvatnet blir inntil vidare stengt ut sommaren. Alver kommune skal ta nye prøvar av vatnet til hausten, og kjem med oppdatert informasjon etter dette.

I mellomtida er det viktig at ingen brukar vatnet, verken til bading, fisking, vassing, eller vatning. Det er også viktig at ingen brukar båtar, kajakkar, fiskestenger eller anna utstyr som har vore i Hallandsvatnet på andre vatn.

Kva er blågrønalgar?

  • Blågrønalgar er ei gruppe bakteriar som heiter cyanobakteriar.
  • Cyanobakteriar kan produsere toksin (giftstoff) og lukt- og smaksstoff.
  • Kontakt med giftstoffa kan gi hudirritasjon og forgifting.

Trykk her for å lese Folkehelseinsitituttet sin informasjonsbrosjyre om blågrønalgar.

Farleg for både dyr og menneske

Giftstoff som kan bli produsert av blågrønalgane er farleg for både dyr og menneske. Det er difor viktig at alle held seg unna vatnet, og passar på dyra sine.

Ta kontakt med lege om du blir sjuk

Symptom på at du har blitt eksponert for giftstoffa kan vere:

  • Hudirritasjon, blemmer, sår hals
  • Oppkast, diare, sterke magesmerter
  • Feber, astma, svimmeleheit og muskelkramper

Ta kontakt med lege om du blir sjuk.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Kjetil Ertvaag, avdelingsleiar for veg, vatn og avløp på e-post kjetil.ertvaag@alver.kommune.no eller mobil 928 61 601.