HeimNyheiterFramleis blågrønalgar i Hallandsvatnet

Framleis blågrønalgar i Hallandsvatnet

Dei siste prøvene syner at det framleis er for høge verdiar av blågrønalgar i Hallandsvatnet.
Publisert: 20.08.2021
Sist endra: 20.08.2021

Dette betyr at ein ikkje må bade, fiske eller vasse i vatnet, og ein må heller ikkje bruke båtar, kajakkar, fiskestenger aller anna utstyr som har vore i Hallandsvatnet på andre vatn.

Vi held fram med å monitorere vatnet og svar på nye vassprøver vil føreliggje om ein månad.