HeimNyheiterFrivilligsentralen tek imot utstyr til ukrainske flyktningar

Frivilligsentralen tek imot utstyr til ukrainske flyktningar

Fredag tek frivilligsentralane imot klede og utstyr som skal delast ut til flyktningar frå Ukraina i Alver.
Publisert: 25.03.2022
Sist endra: 28.03.2022

Vi tek i mot frå kl. 12 – 14. Kleda og utstyret må vere fint brukt og reint.

Frå og med neste veke vil vi ta imot utstyr onsdagar frå klokka 16 – 19.30

Stad: Gamle barneskulen i Knarvik – inngang B (inngang på nersida). Du kan køyre inn på skuleplassen.
Adressa er Kvernhusmyrane 8.