Har du spørsmål til politikarane våre?
I starten av kommunestyremøtet 23. februar er det sett av tid til å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
Publisert:
16.02.2023
Sist endra:
16.02.2023
Kva kan eg stille spørsmål om?
- Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
- Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag. Trykk her for å sjå møteplanen til kommunestyremøtet 23.02.2023
- Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.
Korleis sender eg inn spørsmål?
- Spørsmål sender du til: post@alver.kommune.no
- Merk e-posten med «Spørjetime»
- Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 21. februar klokka 10.
Møtet er på Helsehuset i Knarvik, møterom Nordhordland.
Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, på telefon 47 46 41 45, dersom du har spørsmål om gjennomføringa.
Trykk her for å sjå kommunestyremøtet direkte eller i opptak på kommuneTV.