HeimNyheiterHeimeskule for 4A på Alversund skule

Heimeskule for 4A på Alversund skule

3 tilsette og 20 elevar må i karantene til og med laurdag 16. januar.
Publisert: 07.01.2021
Sist endra: 07.01.2021

Torsdag 7. januar fekk Alver kommune melding om at ein person knytt til Alversund skule har fått koronavirus.

– Vi følgjer den nasjonale smittevernrettleiaren og gjer det vi kan for å begrense kontakten mellom alle på skulen. Godt smittevernarbeid på skulen gjer at vi berre må sende ein klasse på heimeskule, fortel rektor Eirin Dyngen.

Skuleleiinga har informert dei føresette om situasjonen.

– Foreldre og søsken til barna som er i karantene, treng ikkje halde seg heime. Dei kan gå på skule og arbeid som normalt, så lenge dei kjenner seg friske, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ho ber folk om å følgje med og ta kontakt med lege om dei får symptom