HeimNyheiterHeimeskule for elevar på Knarvik ungdomsskule ut veka

Heimeskule for elevar på Knarvik ungdomsskule ut veka

Kommunen treng meir informasjon om smittesituasjonen før dei opnar skulen att.
Publisert: 14.04.2021
Sist endra: 14.04.2021

Knarvik ungdomsskule innførte heimeskule for alle elevar på skulen etter eit smittetilfelle søndag 11. april. Sidan dette tilfelle har to nye personar som er direkte knytt til skulen testa positivt.

– Medan koronasenteret jobbar med å få oversikt over smittesituasjonen, er det viktig at elevar og tilsette held seg mest mogleg heime. Difor har vi bestemt oss for å forlenge perioden med heimeskule til og med fredag 16. april, seier rektor Morten Olsen Schulstad.

Måndag 19. april opnar skulen på raudt nivå. Dette inneber at elevgruppa blir delt i to og kjem på skulen annankvar dag.

– I første omgang gjeld dette berre i to dagar. Vi tar ei ny vurdering tysdag 20. april og vil informere om korleis resten av skuleveka blir etter dette, seier rektor.