Held fram med lokale koronatiltak
Forskrifta med lokale tiltak, som Alver kommune har no, gjeld til og med måndag 7. desember.
– Vi lova å gjere ei ny vurdering ei veke før forskrifta gjekk ut. Det har vi gjort i dag. Med 8 nye koronatilfelle sidan fredag, er smittesituasjonen vår uendra og tiltaka framleis nødvendige, seier ordførar.
Gjer løpande vurderingar
Ho forstår at dei lokale tiltaka er krevjande, særleg for dei som mister heile eller delar av næringsgrunnlaget sitt, og håpar smittesituasjonen endrar seg slik at det blir mogleg å lette på nokre av tiltaka.
– Kriseleiinga følgjer smitteutviklinga og gjer løpande vurderigar, seier ordførar.
Målet med tiltaka Alver kommune har no er sikre at folk er mest mogleg heime – og minst mogleg ilag.
Takk for innsatsen!
Ordførar takkar for innsatsen og oppmodar alverbuen om å halde fram med det gode arbeidet.
– Fleirtalet av dei som er smitta, blir ikkje oppdaga – og kan vere kven som helst av oss. Difor er det viktig at vi oppfører oss som om vi kan smitte andre – og bli smitta av andre, seier ordførar.
Ho ber alle om å følgje med på nettsida og Facebook-sida til kommunen for oppdatert informasjon om dei lokale tiltaka.
FAKTA – Smittetal i Alver
- Veke 48: 9 påviste tilfelle
- Veke 47: 10 påviste tilfelle
- Veke 46: 8 påviste tilfelle
- Veke 45: 24 påviste tilfelle
- Veke 44: 18 påviste tilfelle