Opna hjartesone for tryggare skuleveg
Ein hjartesone rundt skulen gjer det sikrare for elevane å gå eller sykle. Mindre biltrafikk og tryggare stopp- og hentesoner er bra for alle.
Grasdal skule har no fått den fyrste hjartesona i Alver. Hjartesona vert gjennomført som ein haldningskampanje kring skulen i mai månad. Føremålet er å redusere talet på bilar i skulen sitt nærområde.
- Det er oppretta droppsonar for levering utanfor hjartesona og det vert arrangert gåkonkurranse og sykkelkurs for elevane, fortel Alexander Helle, FAU-leiar ved Grasdal skule
Initiativet kjem frå foreldreutvalet på skulen med økonomisk bidrag frå Vestland fylkeskommune og med hjelp og gode råd frå Alver kommune og Trafikkfagleg samarbeidsutval i Nordhordland.
Trykk her for meir informasjon om hjartesone på tryggtrafikk.no
Til stades var mellom anna:
- 144 elevar frå Grasdal skule
- Førskuleklassen frå Martahaugen barnehage
- Sara Hamre Sekkingstad, ordførar
- Irene Hystad Hugaas, rektor Grasdal skule
- Ingvild Moen, tenesteleiar skule i Alver kommune
- Tor Steinar Høyland, Vestland fylkeskommune
- Nils Medaas, Trafikkfagleg samarbeidsutval (TSU)
- Alexander Helle, leiar FAU Grasdal skule
- Foreldre
Politi var til stades og sørga for at arrangementet gjekk føre på ein trafikksikker måte.