HeimNyheiterI morgon opnar dagsturhytta i Byngja

I morgon opnar dagsturhytta i Byngja

Onsdag 9. juni kl. 17.00 opnar endeleg dagsturhytta Sjøbua i Byngja!
Publisert: 08.06.2021
Sist endra: 09.06.2021

- Dette har me gleda oss til, og det er grådig kjekt å kunne opne hyttedøra for små og store, seier kultursjef Eirik Bouwer Utne entusiastisk. No håpar me mange vil ta turen til Byngja i sommar og ta hytta og området i bruk.

- Byngja er ein fantastisk stad for bading, fisking, turar og padling, og med denne dagsturhytta har du endå ein grunn til å besøkje Byngja, seier Frode Myking, som er leiar i Hordabø idrettslag. Idrettslaget skal ha tilsyn med hytta, medan kommunen er eigar og har driftsansvar for hytta.

- Me svært nøgde med at dagsturhytta er plassert nettopp i Byngja, og vil passe godt på den, seier Myking.

- Pandemien gjer at me har vald å utsetje opningsarrangementet, fortel Utne. Opninga vert i stadenfor markert digitalt med ein filmsnutt som viser fram alt dagsturhytta har å by på.

Klikk her for å sjå opningsvideoen.

- Me vil invitere til eit større familiearrangement når det vert færre smittevernrestriksjonar, lovar Utne.