HjemNyheiterIkkje ta på sjuke eller døde fuglar

Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar

Mattilsynet ber alle om å la sjuke eller døde fuglar vere i fred grunna fugleinfluensa.
Publisert: 01.07.2022
Sist endra: 01.07.2022

Den siste tida er det funne mange døde villfuglar som er smitta av fugleinfluensa. Fuglane er funne frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.

Fugleinfluensa smittar svært sjeldan frå fugl til mennesker, men som eit føre-var-prinsipp anbefaler Mattilsynet at ein ikkje tar på sjuke eller døde fuglar.

Viss du finn sjuke eller døde fuglar, ber Mattilsynet om at du varslar dei, slik at dei kan vurdere om dei skal rykke ut og ta prøvar.

Du kan varsle Mattilsynet på:

Ikkje mat villfuglar

Mattilsynet ber også om at du no ikkje matar ville fuglar i parkar og ved innsjøar, då dette fører til at fuglane samlar seg på små områder og lettare spreier smitte seg imellom. Mating av ville fuglar gjev også plager med rotter og mus.

Trykk her for spørsmål og svar om fugleinfluensa.

Trykk her for å lese pressemeldinga frå Mattilsynet.