Influensavaksina kjem i slutten av oktober
Måndag 19. oktober opna vi for influensavaksinering på alle legekontora i Alver kommune.
Vaksine først til prioriterte grupper
Vi ventar stor pågang i år. Difor er dei første vaksinane reserverte til prioriterte grupper.
Risikogrupper
Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og bør difor ta influensavaksine:
- Alle frå og med fylte 65 år
- Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
- Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om vaksine.
- Born og vaksne med:
- diabetes mellitus, type 1 og 2
- kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
- kronisk hjarte-/karsjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
- kronisk leversvikt
- kronisk nyresvikt
- kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
- nedsett immunforsvar
- svært alvorleg fedme (KMI over 40)
- annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
Andre målgrupper
I tillegg er influensavaksine tilrådd følgjande grupper, primært for å beskytte andre:
- Helsepersonell som har pasientkontakt
- Husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
Bestill time hos fastlegen din
Alle som er i dei prioriterte gruppene kan ta kontakt med fastlegekontoret sitt for å avtale tidspunkt for vaksinasjon. Alle som ikkje er i ei prioritert gruppe må vente til 1. desember.
På grunn av smittevernomsyn ber vi om at ingen møter opp på legekontora utan avtale.