HeimNyheiterInnfører forskrift om ekstra smittevern på byggjeplassar

Innfører forskrift om ekstra smittevern på byggjeplassar

– Forskrifta skal bidra til at vi ikkje får ei ukontrollert spreiing av det sørafrikanske koronaviruset etter utbrot på byggjeplassar i Bergen, seier Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
Publisert: 11.02.2021
Sist endra: 19.02.2021

11. februar 2021 vedtok Alver formannskap ei forskrift om ekstra smittevern på byggjeplassar. Kommunen har utarbeidd forskrifta i samarbeid med dei andre nabokommunane til Bergen.

Trykk her for å lese heile forskrifta.

Vi har endra ledd 8 i § 3 i forskrifta. I det nye leddet står det følgjande: "Leiinga i verksemder som er lista i DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar, må sjølv gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar."

Trykk her for å lese endringsforskrifta.

Tilsette i byggjebransjen jobbar ofte på fleire byggjeplassar i ulike kommunar. Målet med forskrifta er å unngå at den meir smittsame virusvarianten får spreie seg til nye byggjeplassar og fleire kommunar.

Redusert mobilitet

–  Både den nye forskrifta og koronatiltaka vi har no, bidrar til å redusere aktiviteten på tvers av kommunegrensene, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Forskrifta stiller mellom anna krav til at tilsette i byggjebransjen må teste seg om dei har arbeidd på ein byggjeplass i ein kommune med påviste tilfelle av det muterte koronaviruset, og ønskjer arbeide på ein byggjeplass i ein av nabokommunane.

– Sjølv om smittesituasjonen i Alver er uforandra, blir vi påverka av og må forhalde oss til det som skjer i Bergen. Vi må støtte opp under situasjonen til Bergen og gjere det vi kan for å hindre at smitten spreier seg til Alver, forklarar ordføraren.

Vurderer forlenging av tiltak

I tillegg til å samarbeide om den nye forskrifta, har Alver tett dialog med Bergen, dei andre nabokommunane og nasjonale helsestyresmakter om oppfølging av tiltaka som varar til og med søndag 14. februar.

– Det er regjeringa som tar den endelege avgjerda, men det er naturleg at vi også held fram med tiltak, om Bergen held fram med strenge tiltak, seier ordføraren.

Ho ber innbyggjarane om å følgje med på nettsida og Facebook-sida til kommunen for oppdatert informasjon om kva tiltak som vil gjelde etter søndag 14. februar.