HeimNyheiterInvitasjon som medarrangør til Alver kommune sin sommarskule

Invitasjon som medarrangør til Alver kommune sin sommarskule

I lys av den pågåande Covid-19 pandemien har regjeringa i år bevilga ekstra midlar til sommarskule for elevar i grunnskulen.

Vi ønskjer å invitere lag og organisasjonar, verksemder, stiftingar eller andre aktuelle aktørar i kommune med som arrangørar på tilbodet.

Sommarskulen i Alver kommune skal vere gratis, og vert arrangert i veke 25, 26, 27, 31 og 32.

Utdanningsdirektoratet skriv i bevilginga:

Målet med sommarskulen er å gje fleire unge ein arena der de kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulens sommarferie i 2021, samt ein moglegheit til å få fagleg påfyll.                  

Dette kan være ein arena kor lag og organisasjonar har moglegheit for å vise seg frem og auke rekrutteringa.

Kriterium for søknad

De kan nå søkje om støtte til å arrangere kurs for sommarskulen innanfor dei kriteria som er sett under.

Kursa må:

  • Vere tilpassa 5.-10. trinn. Tilbod for 1.-4. trinn kan vurderast.
  • Vere ei veke opplegg frå måndag til fredag med eit program frå kl. 9-15.
  • Vere lagt til veke 25, 26, 27, 31 eller 32.
  • Leggje til rette for aktivitet kor elevane får oppleve meistring og tileigne seg opplevingar.
  • Opplegget skal vere gratis for deltakarar.
  • Aktiviteten må vere lokalisert i Alver 

Har de ikkje moglegheit til å arrangere ei heil veke med aktivitetar kan vi koordinere og sy saman dagsarrangement med andre til eit vekesopplegg. Ta kontakt for meir informasjon.

Søknad

Er det av interesse for dykk å bidra kan de sende søknad innan 3.mai.

Klikk her for å sende inn søknadsskjema om tilskot.

Søknaden må innehalde:

  1. Ei skisse over aktivitetar som skal inngå i veka, plassering og mål for kurset.
  2. Total kostnadsramme (inkl. lønn, forbruksmaterielle, utstyr, mat, skyss, o.l.) de søker midlar til.
    • I søknaden kan ein kostnadsføre kr 275 per vaksen og kr 150 per ungdom (15-17 år) per time for lag og organisasjoner. Laget vurderer sjølv om de vil utbetale tilskot som lønn, eller om det går som inntekt til laget.
    • Det gis støtte på kr 25 per born og ungdom kvar dag for lunsj.
    • Verksemder skal kostnadsføre reelle lønnsutgifter i søknaden
    • De kan søke om midlar til utstyr som skal brukast til gjennomføring av aktiviteten på sommarskulen, og gjerne kunne brukast til aktivitet for born og unge i Alver
    • Fortjenestebasert verksemda kan ikke søke støtte til utstyr
  3. Kva veke de ønskjer 
  4. Antal plasser
  5. Kva målgruppe tilbodet er for
  6. Antall leiarar er tilstade.
    • På grupper med 20-30 stykk er det minimum to vaksne
    • Alle søknadar vil bli behandla likt. Talet vaksne ein får dekka lønn til er avhengig av aktiviteten, gruppe storleik og behov.
  7. Antall ungdomsleiarar, maks tre stykk på grupper med 20-30 born.
  8. Kontaktinformasjon til kontaktperson for opplegget som er ansvarleg for gjennomføringa

Kursa må tilfredsstille kommunen sitt krav til politiattest for tilsette og leiarar. Det må takast naudsynte smittevernomsyn. Dette kan koordinerast i samarbeid med kommunen.

Vi vil hjelpe til med marknadsføring, og vi tar oss av påmelding til sommarskulen. Vi vil ha ein felles påmeldingsfrist på alle tilboda.

Etter nærmare avtale kan skulebygg, bibliotek, kulturbygg og idrettsanlegg brukast til aktivitet for born og unge.

Midlar som vert tildelt, skal brukast som oppført i søknaden. Alle som får tilskot må rapportere på tilskot innan 15.september.

Lurer du på noko?

For interesse og meir informasjon angåande sommarskulen ta kontakt med avdelingsleiar for ungdom, fritid og medverknad Katarina Birkeland: E-post: katarina.birkeland@alver.kommune.no

Vi sender ut svar på søknaden 12.mai.


Sist oppdatert: 15.04.2021
Publisert: 13.04.2021