HeimNyheiterJulehelsing frå ordførar

Julehelsing frå ordførar

Her kan du lese Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad si julehelsing til alle innbyggjarar i Alver.
Publisert: 23.12.2022
Sist endra: 23.12.2022

I dag er det dagen før dagen. Eg håpar du har funne roen og har gode dagar i vente. 

Desember og juletida gir rom for å reflektere og sjå tilbake på året som har gått. 2022 har kome med både gleder og ein del sorg og uro.  

2022 var «Frivillighetens år». Frivilligheita står sterkt i Alver. Den er avgjerande for kultur- og idrettslivet og helse- og solidaritetsarbeidet. Det er imponerande å sjå innsatsen frivillige legg ned - for meg og deg - for å skape aktivitet i lokalsamfunna i heile kommunen vår.  

For mange er jula ei hyggeleg høgtid med låge skuldrar og tid ilag med venner og familie. For andre er jula ei einsam og vanskeleg tid. Difor er eg glad for å sjå korleis alverbuen og organisasjonar i Alver har stilt opp for dei som treng ei handsrekning. 

2022 har også vore prega av krig og flukt. Hittil i år har Alver tatt imot 195 flyktningar. Mange av desse feirar jul i komunen vår for første gong, fordi det er utrygt for dei å vere heime i sitt eige land. 

Eg vil oppmode alle om å sjå rundt seg, og halde fram med å gjere ein innsats for dei som treng hjelp - både gjennom jula og i det nye året. Ver rause med kvarandre! Eit smil, nokre hyggelege ord eller ein invitasjon, kan bety veldig mykje.  

Eit nytt år ligg framfor oss, og vi har alle håp og ønskjer for det nye året.

Eg håpar det nye året kjem med meir fellesskap – at vi finn tid til kvarandre også når kvardagen tar oss att i januar. 

Ta vare på kvarandre! 

Eg ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit riktig godt nytt år!