HeimNyheiterJuleråd frå legevakta

Juleråd frå legevakta

Legevakta oppmodar alle som treng legevurdering om å ta kontakt med fastlegen først. Er legekontoret ditt stengt, kan du ringe legevakta.
Publisert: 21.12.2022
Sist endra: 21.12.2022

Vi har auka pågang på legevakta for tida, grunna ulike virussjukdomar som gir luftvegsinfeksjonar. I periodar kan du som ringer 116117 oppleve lang ventetid på telefon.

Råd til deg som har nyoppståtte luftvegssymtom 

Bli heimeom du føler deg sjuk, og unngå å smitte andre. Drikk godt med væske og bruk febernedsetjande. Du treng ikkje teste deg for koronavirus.  

Luftvegsinfeksjonar kan starte med vage symptom, til dømeshodepine og tett nase, eller symptom som feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand. Mange ulike virus og bakteriar kan gi luftvegsinfeksjon. 

Det er viktig med god hand- og hostehygiene. 

Ring først

Vi oppmodar alle som treng legevurdering om åta kontakt med fastlegeførst,når det er mogleg. Blirdu sjuk og må kontakte legevakta? Ring først. 

Slik brukar du legevakta riktig 

  • Kontakt fastlegen på dagtid viss du treng vurdering av lege. Ring legevakta om du blir sjuk på kveld/natt/helg og det ikkje kan vente til opningstida til legekontoret ditt. Legevakta kan også gi deg råd over telefon. 

  • Forny reseptane på faste medisinar før jul og nyttår hos fastlegen din.  

  • Bruk eigenmelding så langt det er mogleg, og kontakt fastlege ved behov for sjukemelding.  

Råd til barn med luftvegssjukdom 

  • Gi barnet rikeleg med drikke (seinkar temperatur, lindrar hoste, kan løyse slim). 

  • La barnet vere lett påkledd ved feber. Då kan barnet bli kvitt overflødig varme.   

  • Gi nasespray ved tett/rennandenase(saltvatn, eventuelt slimhinneavsvellande).  

  • Hald barnet heime frå barnehage/skule til barnet er betre.  

  • Bruk febernedsetjande medisin dersom barnet har feber og/eller verkar utilpass. Febernedsetjande gjer ikkje barnet fortare friskt, men kan gjere til at det føler seg i betre form.  

  • Ved hoste/luftvegsplagar: Forsøk å la barnet ligge med heva overkropp om natta.   

Kontakt fastlege, eventuelt legevakt, dersom barnet ditt:  

  • Er tre månader eller yngre og har feber  

  • Har redusert allmenntilstand, verkar slapp og ikkje orkar å ete/drikke  

  • Har dårleg effekt av febernedsetjande.  

  • Kontakt også lege dersom du er redd for at barnet har einalvorleg sjukdom 

Legevakta er for alle, men ikkje for alt 

  • Legevakta er open heile døgnet. 

  • Ring legevakta på 116117 for å få råd eller time. 

  • Kontakt fastlege før du tar kontakt med legevakt.  

  • Ring legevakta dersom det er akutt og du ikkje kan vente til neste dag. 

  • Ring 113 når du trur det kan stå om liv og helse.