Klar for ny runde med massevaksinasjon
240 innbyggjarar i aldersgruppa 80 til 84 er invitert til koronavaksinasjon i Nordhordlandshallen tysdag ettermiddag, 9. februar.
– Vi har drøfta gjennomføringa med Folkehelseinstituttet. Dei seier at vi kan vaksinere som planlagt, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.
Ho ber alle om å ta med ferdig utfylt eigenerklæringsskjema, komme til avtalt tidspunkt og ta på klede som gjer at det blir enkelt å komme til overarmen. Eigenerklæringsskjema vil du finne i innkallingsbrevet.
Tar om lag ein time
– For å unngå kø er det viktig at folk ikkje kjem før oppsett tidspunkt. Vi har sett opp folk til ulike tidspunkt for å sikre at det ikkje kjem for mange på ein gong, forklarar kommuneoverlegen.
Nordhordlandshallen blir delt inn i tre soner på vaksinasjonsdagen. Det er inngang på langsida som vender mot ungdomsskulen og rådhuset, og utgang gjennom hovudinngangen mot parkeringsplassen.
– I den første sona tar vi imot og registrerer dei som skal vaksinerast. Deretter er det vaksinasjon i sone to og observasjon i den siste sonen. Vi ber folk om å setje av om lag ein time frå dei kjem til dei går, fortel kommuneoverlegen.
Ny runde i veke 7
Neste og tredje runde med massevaksinasjon blir tysdag 16. februar. Også denne dagen er sett av til aldersgruppa 80 til 84.
– Vi får ein del spørsmål frå folk som lurar på når det blir deira tur. Vi følgjer retningslinjene frå Folkehelseinstituttet. Dei finn du på nettsida vår og helsenorge.no. I tillegg varierer det kor mange dosar vi får kvar veke, seier kommuneoverlegen.
Ho ber folk om å følgje med på nettsida og Facebook-sida til kommunen for oppdatert informasjon.