Klar for store innsparingar i helse og omsorg
Dette seier kommunedirektør Christian Fredrik Fotland etter at kommunestyret torsdag 19. september vedtok innsparingstiltak for 118 millionar kroner i helse- og omsorgssektoren i Alver kommune.
– Mange har bidratt til at eg kan seie at dette skal vi klare - ilag. Vi har jobba systematisk med helse- og omsorgstenestene våre i fleire år, og hatt eit tett og godt samarbeid med tillitsvalde og vernetenesta gjennom heile prosessen, seier Fotland.
Skal levere forsvarlege tenester
Kommunedirektøren meiner at tiltaka politikarane har vedtatt er gjennomførbare, sjølv om mange vil få eit anna tilbod enn dei har i dag.
– Vi skal sikre at tilboda er forsvarlege – og dersom vi ser at nokon av tiltaka ikkje let seg gjennomføre vil vi raskt justere. Innbyggjarane skal vere trygge på at dei får det dei har krav på.
Den systematiske gjennomgangen og arbeidet med helse- og omsorgstenestene dei siste åra har resultert i ei oversikt der tenestene er skildra, kva vi legg til grunn når vi tildeler teneste, kva innbyggjarane kan forvente av oss og kva vi forventar av dei.
– Denne oversikta over tenester og kva dei inneheld skal sikre at innbyggjarane i kommunen får forsvarlege tenester, og bidra til at vi jobbar mest mogleg likt, seier Fotland.
Endringa i tenestene skjer over ein periode på to-tre år. Informasjon om endringar i tenestene blir oppdatert på heimesida.
Ingen mister jobben
Helse- og omsorgssektoren skal redusere bemanninga i tenestene med 101 årsverk innan 2027. Fotland forstår at dette kan høyres mykje ut, men er tydeleg på at ingen skal miste jobben som følge av omstillinga kommunen står i.
– Vi har bruk for alle som jobbar i helse- og omsorgstenestene våre, og håpar alle vi vere med oss vidare. Det same gjeld for tilsette i andre tenester, som får sine innsparingstiltak seinare i haust, seier han.