HeimNyheiterKlar for vaksinering av eldre frå 85 år i veke 5

Klar for vaksinering av eldre frå 85 år i veke 5

Alver kommune ber eldre over 85 år om å følgje med i postkassa og ta telefonen når det ringer frå eit ukjent nummer.
Publisert: 29.01.2021
Sist endra: 29.01.2021

Tilfanget på vaksinedosar endrar seg frå veke til veke. Fredag formiddag fekk Alver kommune melding om at det kjem fleire vaksinedosar i veke 5 enn tidlegare meldt.

– Dette betyr at vi er klare for å vaksinere innbyggarar frå 85 år allereie i neste veke, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ringer alle over 85 år

Om lag 300 av dei som er 85 år og eldre har ikkje fått vaksine enno. Kommunen har sendt brev med informasjon om vaksinasjonen til alle desse, og reknar med at breva når postkassane tidleg i neste veke.

Måndag 1. februar startar tilsette på koronasenteret ringerunden til denne gruppa for å tildele time.

– Sidan tida er knapp, er det viktig at alle over 85 år tar telefonen når det ringer frå eit ukjent nummer. Det kan vere koronasenteret som ringer med beskjed om når det er deira tur, fortel kommuneoverlegen.

Må ordne transport sjølv

Vaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik på ettermiddagstid. Planen er å ta dei fleste torsdag 4. februar i tidsrommet 17.00 til 20.00. Kommunen går ut med tid og stad no, slik at dei som er i den aktuelle gruppa kan begynne å planlegge.

– Vi oppmodar dei som ikkje kan ta buss eller køyre sjølv om å få familie eller nokon dei kjenner til å hjelpe seg, seier Folgerø og legg til:

– Transporten til og frå vaksineringa blir ikkje dekt av pasientreiseordninga. Dei som ikkje finn ei løysing, kan ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00. Ingen skal gå glipp av vaksinen fordi dei ikkje kjem seg til vaksinasjonslokalet, seier kommuneoverlegen.

Ikkje meldt flytting?

Kommunen har ansvar for å vaksinere dei som bur i Alver.

– Dei som bur her, men ikkje har rekt å melde flytting enno, må ta kontakt med innbyggjarservice. Vi har berre oversikt over dei som har folkeregistrert adresse i Alver kommune, forklarar Folgerø.

Også «75+» må gjere seg klare

Mange tilsette i kommunen er involvert i arbeidet med å vaksinere innbyggjarane i Alver. Kommuneoverlegen er glad ho har så mange fleksible og dyktige folk med på laget, som evnar å snu seg rundt når det kjem gladmeldingar som dette.

Med leveransen som er lova i veke 5, har kommuneoverlegen eit håp om at kommunen blir ferdig med første dose til alle frå 85 år og oppover.

– Om leveransane held fram i dette tempoet, blir vi klare for aldersgruppa frå 75 år og oppover i veke 6. Vi går ut med meir informasjon om dette så snart vi kan, men eg oppmodar også denne gruppa om å følgje med i postkassa og ta telefonen om det ringer frå eit ukjent nummer, seier kommuneoverlegen.