HeimNyheiterKlart for Ung jobb i sommar

Klart for Ung jobb i sommar

Ung jobb er eit sommartilbod for ungdom mellom 15-18 år som er busett i Alver kommune og som har lyst å arbeide, og eit tilbod til personar som treng hjelp til ulike oppdrag.
Publisert: 16.04.2021
Sist endra: 16.04.2021

Ung Jobb skal vere eit tilbod i vekene 25, 26, 27, 31, 32 og 33

Ungdom kan registrere seg tilgjengelig for oppdrag via skjema 

Trykk her for å registrere deg 

Søknadsfrist er 6. juni.


Avdelinga ungdom, fritid og medverknad tar i mot arbeidsoppdraga og fordeler dei til ungdommen. Oppdraga må meldast inn minst 3 arbeidsdagar før det skal gjennomførast. Oppdrag meldast inn gjennom skjema 

Trykk her for registrering av oppdrag


Døme på oppdrag kan vere:

  • Plenslått, slåttarbeid, hagearbeid
  • Hjelp i heimen (t.d. vasking, støvsuging, vask av vindauge)
  • Barnepass
  • Lagerarbeid og liknande i butikk/bedrifter.
  • Pass av dyr

Det er ikkje kommunen, men oppdragsgjevar, som er arbeidsgjevar.

Vert ungdom tilsett gjennom kommunen, er det
oppdragsgjevar/avdeling som skal ha oppdraget utført som er
arbeidsgjevar. Oppdragsgjevar er ansvarleg for ungdomen på lik linje med andre tilsette. Dei er ansvarlege for å få inn arbeidsavtalar før ungdomen startar i arbeid og vise korleis timelister førast på Visma.
Timelister skal leverast før den 30. kvar månad. Ordninga er avhengig av at aktuelle oppdragsgjevarar melder inn oppdrag, vi
vonar at det kjem nok oppdrag, men vi kan ikkje garantere at alle ungdommane får oppdrag.

Praktisk informasjon

Ungdommen skal ha ei minsteløn på 130,- kr i timen hos private
oppdragsgjevarar. Hjå verksemder/ kommunen følgjer ein tariffsats etter alder.

Små oppdrag:

Som privatperson kan du utbetale inntil kr. 6000,- skattefritt for små oppdrag på privat eigedom eller i bil. Utbetaling over kr. 6000,- må ein melde inn til skatteetaten.

Idrettslag eller frivillige organisasjonar kan utbetale inntil kr,-
10 000 skattefritt. Dersom ungdommen tener meir, må arbeidsgjevar sjølv melde dette inn til skatteetaten.

Ungdommen kan tjene skattefritt inntil kr. 60 000,- som er frikortgrensa totalt. Tener ungdommen meir enn 60,000, må ein ha skattekort.

Trykk her for meir informasjon om dette

Arbeidsgjevar si rolle:

  • Ha ansvaret for tryggleik under arbeidsoppdraget. Ungdommen skal ikkje utføre risikofylt arbeid eller bruke utstyr som kan vera helsefarleg.
  • Ha naudsynte reiskap på plass for å utføre arbeidet.
  • Gje informasjon og nødvendig opplæring.
  • Arbeidsgjevar er sjølv ansvarleg for å betale ut løn.

Trykk her for meir informasjon på arbeidstilsynet.no.

Lurar du på noko?

Kontakt:
Avdelinga ungdom, fritid og medverknad
E-post: ung.alver@alver.kommune.no
Tlf: 56 37 50 00