Kommuneoverlegen ber alle om å følgje med
– Vi håpar at vi ikkje får fleire positive tilfelle knytt til dette utbrotet, men i dag fekk vi melding om fire nye med påvist koronavirus. Tre av desse har førebels ukjent smitteveg. Eitt av dei er knytt til tilfellet på Kløvheim barnehage, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.
Dei siste tilfella gjer at situasjonen til Alver er endra.
– Det er nødvendig med strengare tiltak no – både nasjonalt og lokalt. Eg oppmodar difor alle om å følgje med – og følgje – det som kjem av nye tiltak, seier kommuneoverlegen.
Ho ber alle om å halde seg mest mogleg heime på fritida og halde avstand til andre.