Korleis skal vi forme framtida til Alver - i lag?
Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022 vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen.
– Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit. Denne er ei viktig føring for kommuneplanen sin arealdel som vi startar å arbeide med no. Arealdelen seier noko om korleis vi skal bruke areala våre i Alver. Difor angår planen alle som bur, arbeider og lever i Alver, seier tenesteleiar for plan og analyse, Kristin Nåmdal.
Høyring av planprogram og innspelsperiode
No vil vi ha innspel til planprogrammet. Planprogrammet viser korleis vi har tenkt å arbeide med arealdelen i kommuneplanen. I tillegg kan du kome med innspel til korleis du vil utvikle eigedomen din, og til korleis vi skal utvikle areala våre.
Trykk her for å lese planprogrammet og korleis du kan kome med innspel.
Du kan også låne eit eksemplar av planprogrammet på innbyggjarservice i Knarvik Senter.
Frist for å kome med innspel: 15. september 2022
Framtida til kommunen er framtida di. Difor er det viktig for oss å høyre kva du meiner!