HeimNyheiterKoronasenteret flyttar til gamle Alversund skule

Koronasenteret flyttar til gamle Alversund skule

Frå og med tysdag 1. februar kan du ta vaksine og PCR-test på gamleskulen i Alversund.
Publisert: 24.01.2022
Sist endra: 25.01.2022

– Det blir fint å samle tilboda våre på ein stad. På gamleskulen i Alversund får vi betre plass og slepper å rigge opp og ned til vaksinering kvar veke. Det betyr også at idretten får tilbake eitt av treningslokala sine i hallen, seier leiar for koronasenteret, Reidun Sæbdal.

I dag har kommunen vaksinering i Nordhordlandshallen og testing i eit trangt kjellarlokale i Kvassnesvegen i Knarvik.

Måndag 31. januar blir flyttedag for koronasenteret. Vi opnar ikkje for testing denne dagen. Det blir også redusert opningstid på telefon. Koronatelefonen blir open frå klokka 12.15.

«Drive in»-testing

Det blir ulike aktivitetar på ulike delar av gamleskulen.

Testinga skal skje ute ved det gamle inngangspartiet. Her byggjer kommunen eit overbygg, som innbyggjarar med avtale om testing kan køyre eller gå inn under.

Dersom du kjem med bil, skal du ta til venstre etter at du har tatt av frå hovudvegen og følgje skilta inn i overbygget. Her vil tilsette teste deg gjennom vindauga på bilen og lose deg ut att på den andre sida.

Du må framleis bestille time til testing på førehand.

Koronasenteret blir open på kvardagar frå klokka 08.30 til 15.30.

Trykk her for å lese meir om testing i Alver kommune.

Vaksine i gymsalen

Laurdag 29. januar er siste dag med massevaksinasjon i Nordhordlandshallen. Etter dette kan du anten ta vaksine på eitt av dei seks apoteka i kommunen eller på gamleskulen i Alversund.

­­– I Alversund blir det i hovudsak vaksinering på dagtid tysdagar, onsdagar og torsdagar. Vi legg ut ledige timar i helseboka til kommunen, fortel Sæbdal.

Hovudparkeringa for dei som skal til vaksinering er ved kyrkjelydshuset på den andre sida av vegen.

Trykk her for å lese meir om vaksinasjon i Alver.

Utdeling av hurtigtestar

Snart blir det i tillegg mogleg å hente hurtigtestar frå fleire plassar i kommunen.

– Vi ventar på ein større leveranse med hurtigtestar, og må prioritere kven som skal få testane vi har att. Til vi får nye hurtigtestar, vil vi prioritere å dele ut testar til barn og unge, slik at vi kan halde barnehagar og skular opne, fortel Sæbdal.

Det kjem meir informasjon om utdeling av hurtigtestar etter kvart. Sæbdal ber innbyggjarar om å sjekke nettsida til kommunen for oppdatert informasjon om kven som kan få testar og kor dei kan hente.

Adresse:

  • Nedre Alver 2
    5911 Alversund

Trykk her for å sjå i kart